Utbyggingsutvikling av norske vasskraftverk
Created by dogagon on 23/02/2011
Last updated: 25/02/11 at 15:20
Kraftverk has no followers yet. Be the first one to follow.
Alta kraftverk er den mest omstridte vasskraftutbygginga i Norge. Etter mykje diskusjon og demonstrasjonar stod kraftverket klart i mai 1987. Kraftverket er eit reint fjellanlegg og har ein 145 meter høg hveldam.
http://vasskrafta.no/alta/category144.html
Sima kraftverk i Eidfjord er eit av dei største kraftverka i Norge. Effekt på 1120 MW og middelproduksjon på 2729 GWh
Tokke er blant dei største kraftverka i Norge. Det er installert 4 francisturbinar med ein effekt på 430 MW. Middelproduksjonen er på 2140 GWh.
Aura var ein av dei største utbyggingane etter andre verdskrig, og det var staten som stod bak det. Aura kraftverk skulle forsyna Sundal Verk (seinare Hydro aluminium) på Sunndalsøra med enorme mengder kraft
http://vasskrafta.no/aura/category148.html
Kraftverk i dagen, høgtrykksanlegg frå etterkrigstida bygd for forsyna Oslo-området med straum.
Nedre Fiskumfoss er blant det første større kraftverka som kom i drift etter andre verdskrig. Kraftverket er eit reint elvekraftverk bygd i fjell. Effekt på 39 MW og middelprodukson på 240 GWh
Kraftverket ligg i industrisamfunnet Sauda. I dag er kraftverket nedlagt og blitt erstatta av eit moderne kraftverk. I 2005 produserte Sauda III 572 GWh, det beste året for kraftverket.
Nore I kraftverk i Buskerud. Bygd ut i statleg regi for allminnelig forsyning. Foto: Statkraft
Hakavik kraftverk produserar 16 2/3 Hz straum, i motsetning til vanleg 50 Hz straum, for jernbanedrift som treng denne spesielle frekvensen. Hakavik kom i drift i 1922 og forsynte Drammensbanen. Foto: Statkraft
Rånåsfoss kraftverj kom i drift i 1921 med 6 francisturbinar med ein effekt på til saman 54 MW, i 1983 kom det ein kaplanturbin med effekt på 45 MW som utvida kapasiteten. Eigaren av kraftverket har etablert museum og Energiforum på kraftverket.
Nomeland kraftverk er eit elvekraftverk som utnyttar eit fall på 20,5 meter frå dammen ved Otra og ned til kraftstasjonen. Med fire aggregat har kraftverket ein effekt på 28 MW.
Vamma kraftverk er eit elvekraftverk på heile 212 MW som nyttar eit fall på 28,5 meter og har 11 aggregat. Foto: Hafslund
Såheim ligg i Rjukan og er veldig lik Vemork både i storleik og tidsperiode. Såheim ligg midt i sentrum av Rjukan og er i dag ombygd til eit moderne vasskraftverk. Kraftstasjonen er på heile 145 x 80 x 75 meter, har seks etasjer og er nydelig oppført i betong. Men heile bygget var ikkje kraftstasjon, i dette var og gjødselfabrikken. Ved å ha begge delar i same bygg slapp ein å søka konsesjon for overføring av straum.
Bøylefoss kraftverk er plassert på austsida av Nidelva, 36 km frå elvas utløp ved Arendal. Fallhøgde på 62 meter, installasjon på 65 MW med 8 aggregat. Då kraftverket var ferdig i 1913 var det eit av norges største, berre Svelgfoss, Tysso I og Vemork var større. Kraftverket blei bygd ut for industrien på Eydehavn og produserte 25 Hz, dette blei ombygd til 50 Hz, for allminnelig forsyning, på slutten av 80-tallet.
Vemork ligg i Rjukan og huser i dag Norsk Industriarbeidermuseum. Det var i drift i perioden 1911 - 1971, hadde ein installasjon på 132 MW og var verdas største kraftverk i 1911. Norsk Hydro og Sam Eyde sto bak utbygginga av dette høgtrykkskraftverket med ein fallhøgde på 300 meter. Blei i 1971 erstatta av nye Vemork kraftverk som ligg i fjellet bak det gamle.
Oltedal kraftverk ligg i Gjesdal kommune, 45 km frå Stavanger. Kraftverket blei bygd for allminnelig forsyning til Stavanger. I 1909 hadde det ein installasjon på 3 MW og utnytta eit fall på 66 meter, i 1911 og 1914 blei ytterlige 2 aggregat installert.
Utbygginga av Tysso I starta i 1906 og i 1908 var norges største høgtrykkskraftverk klar til å produsera straum. Frå 1910 til 1918 vart kraftverket utbygd vidare
http://vasskrafta.no/tysso-1/category8.html
Dalsfos kraftverk ligg i Kragerø kommune og er eit elvekraftverk. Det kom i drift i 1907 og representere dei små kraftverka frå den perioden. Fallhøgde på 21 meter, installasjon på 6 MW med 3 aggregat. Den er godt ivaretatt og vedlikeholdt og har mye av det opprinnelige utstyret inntakt.
Svelgfoss kraftverk i Notodden var Norges største kraftverk i 1907 med ein effekt på 24 MW. Meir enn 400 mann jobba ved anlegget. I 1958 blei kraftverket erstatta av eit nytt og i dag er kraftverket borte.
Kraftstasjonen ligg på austsida av Glomma i Askim kommune, 8 km nedanfor Solbergfoss kraftstasjon. Hadde ein installasjon på 22,5 MW og utnytta ein fallhøgde på 20 meter. Utbygginga starta i 1900 og omfatta fossane Kykkelsrudfoss, Saudofoss, Dalsfoss og Vervenfoss. Kraftstasjonen ligg i dagen og er eit elvekraftverk. Kraftverket blei tatt ut av drift i 2008 og skal erstattast av eit nytt kraftverk like ved.
Øvre Leirfoss kraftverk er eit elvekraftverk i Trondheim kommune. Kraftverket utnytter eit fall på 34 meter, installasjon på 15 MW og har ein middelproduksjon på 85 GWh.
Hammeren kraftverk er det einaste vasskraftverket i Oslo.
http://vasskrafta.no/hammeren/category120.html
Hafslund kraftverk er eit kraftverk på austsida av Glomma i Sarpsborg kommune. Kraftverket utnytter et fall på 20,5 meter i Sarpsfossen og er eit elvekraftverk. Allereie i 1898 byrja utbygginga av kraftverket og produksjonen starta i 1899
Kuråsfossen kraftverk på Røros er blant dei eldste kraftverka i Norge som fortsatt finst, sjølv om kraftverket vart tatt ut av drift i 1965 står bygget der fortsatt og er i dag eit museum. Installasjon i kraftverket var i 1896 på 0,5 MW og utnytta ein fallhøgde på 15,3 meter. Etter nedlegginga i 1965 forfalt kraftverket fram til 80-talet då det i 1982 vart tatt initiativ til å restaurere Kuråsfossen.
Norge og sannsynlegvis Europa sitt første vasskraftverk. Bygd for belysning av fabrikk, vart lagt ned kort tid etter oppstart

